foto(c)bjarne øymyr

Topp moderne hamneanlegg

Rosendal har det meste, men har lenge mangla ei god hamn. No er det problemet historie. Vi er stolte over å kunne presentera eit så flott hamneanlegg. Rosendal Hamn kan tilby ei trygg og god hamn - midt i hjartet av Rosendal - både for fastbuande og langvegsfarande - heile året. Det er lagt stor vekt både på funksjonalitet, sikkerhet og estetikk når det gjeld utforming av hamneanlegget.

Moderne teknologi

Marinetek OY Finland har levert anlegget. Det er ein av verdas leiande leverandørar av marinaanlegg. Dei har lang erfaring og svært mange referansar å visa til. Ein har valdt dei kraftigste serieproduserte løysingane som er mogleg å få, noko som gjer at anlegget er dimensjonert ein klasse høgare enn det leverandøren meiner er naudsynt på stedet. Det skulle vera garanti for at anlegget og toler ein hauststorm.

Estetisk utforming

Ein har lagt stor vekt på at hamna skal ha eit flott estetisk uttrykk. Bryggene har fått eit solid tredekke, som er flott å sjå på, gir god tryggleik og er haldbart over tid.

Alle fasilitetar

I Rosendal hamn vil du etter kvart finna dei fleiste fasilitetar båtturistar treng. Her vil det bli straum, internett, toalettanlegg, vatn, drivstoff og tømmeanlegg for kloakk. Innan eit par hundre meter finn du dessutan turistinformasjon, galleri, museum, spisestader og eit breitt utval av butikker.