foto (c) bjarne øymyr

Oppgangssaga på Vang

Det har vore oppgangssag på Vang i Rosendal sidan slutten av 1500-talet. I siste del av 1800-talet auka behovet for trelast til skipsbygging, og Marcus Gerhard Hoff Rosenkrone kjøpet derfor ei ny oppgangssag. Saga var i bruk til innpå 1930-talet.

foto (c) bjarne øymyr I 1997 vart det starta eit vennelag for Vangssago som skulle flytte saga. Etter 9500 dugnadstimar var prosjektet gjennomført i 2005, og saga står no ved inngangen til Steinparken. I tillegg til "sagedagar" er saga og blitt eit utgangspunkt for konsertar og kulturarrangement.