foto (c) bjarne øymyr

Steinparken - ein oase langs Mehlselva

10 minutter gange frå hamna ligg Steinparken i Rosendal som ein oase i vakker natur langs Mehlselva. Ein utandørs park som alltid er ope - og gratis. Det er ein stad for rusleturar, kunnskap om geologi, piknik, leik med båtar osb.

foto (c) bjarne øymyr I Steinparken kan du sjå eksempler på bergartar som har prega utviklinga av Folgefonnhalvøya, både når det gjeld natur og kultur. Parken er utforma i samarbeid med skulptør Bård Breivik og steinhoggar Rolf Karlsen, samt geologane Johan Naterstad og Øystein Jansen.

Les meir om Steinparken på nettsida til Rosendalstiftinga >>