foto (c) bjarne øymyr

Skaalurensamlinga - Skipsbyggjarmuseum

Kvinnherad har lange tradisjonar i båtbygging. Rundt år 1900 var det heile 325 båtbyggjerier i Kvinnherad Kommune. Mange kjende skuter vart bygde her, mellom anna Roald Amundsen si "Gjøa"

foto (c) bjarne øymyr

Skaalurensamlinga ligg på kaia i Rosendal og syner den verksemda Skaaluren Skipsbyggeri dreiv i perioden 1855-1955. Gjennom fire generasjonar bygde dei trefarty av alle slag; skøyter, jakter, galeasar, skonnertar, sluppar og kutterar. Samlinga inneheld teikneutstyr, skipsteikningar, tømmermannsreiskap, smedutstyr og anna som høyrde til på verftet.

Meir informasjon på nettsida til Kvinnherad Kommune >>