foto (c) bjarne øymyr

Kommunikasjon

Rosendal ligg berre halvannan time frå Flesland - ein time frå Os - og under to timar frå Bergen - når ein reiser med snøggbåten "Rygerfonn" i 35 knop. Ein flott tur gjennom Hardangerfjorden, Lukksund, Bjørnefjorden, Korsfjorden og innseilinga til Bergen. Og båten har trådlaust breiband.

Faktisk kan du reise frå Gardemoen til Rosendal på 2t 50min! Til dømes fly frå Oslo lufthavn kl. 08.05 - på Flesland Kl. 09.00. Buss til båten kl 9.10. Avg. båt kl. 9.25. Ankomst Rosendal kl. 10.55.

Snøggbåten gjer det enkelt å skifta mannskap. Og om dei urbane lengslane blir for sterke kan ein reise på dagstur til Bergen. [Sjå rutetabell].

Det er og god bussforbindelse mot Husnes og Halsnøy og vidare mot Stord. Det same gjeld mot Odda - og mot Bergen. [Sjå nettsider til Skyss]