Baroniet i Rosendal
I 1658 sto det bryllup mellom Noregs rikaste arving og ein stolt dansk adelsmann. Karen Mowat og Ludvig Rosenkrantz fekk garden Hatteberg i Kvinnherad i bryllupsgåve, og her bygde dei seg sitt vesle slott som dei kalla Rosendal. Slottet sto ferdig i 1665.
Baroniet er rik på historie, men har eit breitt tilbod både når det gjeld konsertar, utstillingar, teater, foredrag, matservering, parkanlegg, overnatting med meir.
Lunsj i det victorianske drivhuset er ein sikker vinnar. Friske, økologisk dyrka råvarer frå kjøkken- og urtehagen vert hausta dagleg gjennom heile sesongen, og pregar menyane i restauranten.


