Gjestehamn - midt i Rosendal
Storinnrykk i pinsehelga
Bergens Motorbåtforening legg pinseturen til Rosendal og har tinga plass for heile 60 båtar. Vi berre nemnar at same helga er det Rosendal musikkfestival...
rosendal.net
Sjå kva som skjer! Nettportal for Rosendal med Kulturkalender, Turforslag m.m. rosendal.net
I Rosendal Hamn legg vi opp til at gjestane skal finna det dei treng.
No er mange av fasilitetane komne på plass. Hamna har fått vatn og straum på kaiane. Det er diesel og bensinpumpe med kortautomat. I servicebygget finn ein vaskemaskin, dusj og toalett. Dessutan er det trådlaust internett inkludert i hamneleiga.
Det er god plass til manøvrering og enkelt å leggja til på flytekaia - uansett kor stor båten er. Og det er garantert dypt nok for alle typar båtar. Vi kan nemna at Statsråd Lehmkuhl, som er nær 100 meter lang, har vore på vitjing i hamna!
Butikker
I Rosendal - innan få minutt frå hamna - finn du eit godt tilbod av butikker:
båtutstyr - jernvare - matvarer - bokhandel - blomsterhandel - sportsbutikk - glasstøy - expert (elektrisk) - gavebutikk - kunstgallerier. Dessutan finst det bank - og minibank.
Mat og drikke
Rosendal har fleire alternativ når det gjeld mat og drikke. Rosendal turisthotell - Guddal Galleri - Snikkeriet - Rosendal Fjordhotell - Spiseriet - Baroniet osv.
Kommunikasjon - bytte mannskap?
Rosendal har god kommunikasjon. Under to timar til Bergen, halvannan til Flesland og ca ein time til Os med snøggbåt. Det er og buss både mot Odda og Husnes - med videre forbinelser.
Turistinformasjon
Folgefonna Informasjonssenter ligg på kaia i Rosendal - eit par minutters gange frå Rosendal Hamn. Her kan du få svar på det meste!


