foto (c) bjarne øymyr

Baroniet i Rosendal

I 1658 sto det bryllup mellom Noregs rikaste arving og ein stolt dansk adelsmann. Karen Mowat og Ludvig Rosenkrantz fekk garden Hatteberg i Kvinnherad i bryllupsgåve, og her bygde dei seg sitt vesle slott som dei kalla Rosendal. Slottet sto ferdig i 1665.

(c) bjarne øymyr

Baroniet er rik på historie, men har eit breitt tilbod både når det gjeld konsertar, utstillingar, teater, foredrag, matservering, parkanlegg, overnatting med meir.

Lunsj i det victorianske drivhuset er ein sikker vinnar. Friske, økologisk dyrka råvarer frå kjøkken- og urtehagen vert hausta dagleg gjennom heile sesongen, og pregar menyane i restauranten.

Les meir på nettsida til Baroniet >>

Kulturprogram for Baroniet 2009 >>